For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.

Allow cookies

Other Websites

Sign up - Contact

Nyhetsbrev - Kontakt

Fyrålåmi 2019

Address

Åmdals Verk
3882 Åmdals Verk

Email

Telephone

Website

Fyrålåmi 2019

Om

Fyrålåmi er ein tradisjonsrik tur som gjeng palmesundag kvart år.
Løypa er på 20 km og går i fint terreng frå Fyrå på Skafsåheia til Åmdals Verk Samfunnshus.
Årets utgåve er den 33. i rekkja, og datoen er 14. april
Det vert sett opp bussar frå Åmdals Verk Samfunnshus og opp til start på Fyrå med avgang klokka 09:30.
Vel nede i mål på samfunnshuset er det registrering der ein får følgande premiar:
1. år - Diplom
2. år - Merke
5. år - Fat
10. år - Vase
15. år - "Elgen"
20. år - Krystallskål
25. år - Karafell
30. år - Geilo bolle

Det er også basar på samfunnshuset med mykje flotte heimlaga gevinstar.
Mat er også viktig etter ein lang tur, difor er det mogleg å få kjøpt suppe, pylser, kake og kaffi.

Vel møtt til ein flott palmesundag på Åmdals Verk!

Map & Directions

View Also Around

Opening Times

Fyrålåmi (14 Apr 2019)
DagTider
Søndag09:00 - 18:00