For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.

Allow cookies

Other Websites

Sign up - Contact

Nyhetsbrev - Kontakt

Opning av Dalen Bryggjeutstilling

Address

Storvegen 4
3880 Dalen

Email

Telephone

Tlf: +47 35 07 56 56

Opning av Dalen Bryggjeutstilling

Om

Opning av Dalen Bryggjeutstilling
Jostein Hellevik er mannen bak Bryggeutstillinga i sommar, som har fått namnet «Nærare naturen»

Jostein og sambuar Maj Lena Knudsen er innehavar av Dalen Villmarkssenter, samt filmproduksjonsselskapet Villmarksfilm AS som dei driv saman med Cris Thomas Johansen.
Jostein er ein prisbelønt naturfotograf som i ei årrekkje har retta kamera mot den vakre Tokkenaturen

Årets utstilling fokuserar mykje på gjestfrihet og vil gi dei besøkande både levande og fotografisk møte med naturen som omsluttar oss.
Utstillinga er veldig godt tilrettelagt for barn med spennande aktivitetar med gratis premiar. Det vil også vere naturbaserte produkt spesielt retta mot barn.

Vigdis Berg Nordgarden stiller ut eigenproduserte troll.
«I Eidsborg i nærleiken av Brynesteinsbrotet bur eit einsamt troll. Han ynskjer seg så gruleg ei kjerring, han har inga løysing på problemet, så han lyt vente og vente i mange år til.
Ein mørk haustkveld bankar det døra, han lagt seg til å sova så han trur han drøymer. Bankinga vil ikkje gje seg, han opnar døra og der står ei Trollkjerring, den finaste han har sett!
Livet til Eidsborgtrollet blir ikkje einsamt lengre. Trollkjerringa er produktiv og føder fem trollungar på tre år.
Trollkjerringa har ein son frå tida i Gråberg i Sverige. Fyrstefødde er så ømleg musikalsk og moderne i tankegangen. Rocketrollet kjem til Brynesteinsbrotet ein kveld, slår seg ned saman med Eidsborgtrollet og mor si. Etterkvart spelar han rock, han syng ikkje, han brølar så fjellet rister. Musikken lokkar til seg Huldra, ho kjem til konserten, ho får trollungar med rocketrollet, dei matar ho med huldrehalesuppe og blodkurv …….»

Kanalhistorisk utstilling.

Musikk ved fiolinkvartett beståande av Jon Grøstad Johnsen, Johannes Myklebust, Åsne Omtveit og lærar Ragnhild Knudsen.

Velkomst for M/S Henrik Ibsen kl. 18.30

Opning 18.mai kl. 17.30
Ope 19.mai kl. 12-18

Ope 25.mai-9.juni laurdag og sundag kl. 12.00-18.00
Ope 15.juni - 11.august kvar dag kl. 12.00 - 18.00

Map & Directions

View Also Around