For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.

Allow cookies

Other Websites

Sign up - Contact

Nyhetsbrev - Kontakt

Teigen - Hylland - Brauti

Address

Museumsvegen 9
Museumsvegen 9
3891 Høydalsmo

Email

Telephone

Tlf: 35069090

Website

Teigen - Hylland - Brauti

Om

Sundag 29. april opnar museet i Eidsborg for sesongen. I år som i fjor er det fleire nye utstillingar i utstillingsbygget ved stavkyrkja. Her er eit oversyn.

TEIGEN – HYLLAND – BRAUTI

I år er det 200 år sidan rosemålaren og treskjeraren Halvor Asbjørnsson Teigen (1818-1910) vart fødd. Han var ein nærast myteomspunnen handverkar. Særskild i si treskjering sette han ein standard som andre strekker seg etter endå i dag. Men også hans barn og barnebarn har hatt stor betyding for stilutviklinga innan treskjering. Sonen Asbjørn Hylland (1853-1931) si historie har til no nærast vore ukjend, men han hadde ei betydeleg rolle i utviklinga av handverket. Dottersonen Øyvind Brauti (1891-1980) representerer ein tredje epoke. Utstillinga viser eit breitt utval arbeid frå denne særmerkte handverkarfamilien, ei historie som ikkje har vore formidla før.

 

Elles visar utstillinga i Eidsborg som alltid mykje lokal handverkshistorie med spesiell vekt på tekstil, sylv og kniv, samt historia om brynestein frå Eidsborg, ei eksporthistorie som byrja for meir enn 1200 år sidan. Utanfor kan heile familien sluse båtar i Kanalparken 15. juni – 15. august.

Velkomen til ein ny sesong sundag 29. april – sundag 30. september! For sesongkort, klikk her.

Map & Directions

View Also Around