For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.

Allow cookies

Other Websites

Sign up - Contact

Nyhetsbrev - Kontakt

Grimdalstunet

Legg Grimdalstunet til i reiseruten din.

Address

Borsævegen 395 A
3880 Dalen

Email

Telephone

Tlf: +47 35 06 90 90

Skulpturhus op autentisk fjellgard

Om

Litt om Grimdalstunet
Fjellgarden Grimdalen ligg 630 m.o.h. Vi er ikkje eit vanleg museum, som samlar gjenstander. Vi tek vare på den gamle fjellgarden med 10 hus og gardskvern. Det eldste huset er frå seinmellomalder og det yngste oppsett i 1850. Bygdetun finst det i mange bygder, men det unike med Grimdalstunet er at ingen av bygningane på garden er tilflutte frå andre stader. Alt er grodd opp etter trong. Garden, tunet og bygningane er såleis autentiske.
Dei gamle husa er samla rundt eit større tun. Tunet og husa er tekje godt vare på. I den eine enden av tunet ligg Galleriet. Tunet er særs triveleg og har fleire gode sitjeplassar.
Frå tunet går det ein godt opparbeid turstig som har plakatar med informasjon om dyre- og planteliv. Grimdalstunet ligg ca 9 km frå Dalen ved riksveg 45. Riksveg 45 går frå Dalen – forbi Grimdalstunet og over til Setesdal. Det er ein del av Suleskarsvegen over til Stavanger.

Heimen til Anne
Om sumaren er det omvisning i Gamlestoga, der Anne budde i oppveksten. Folk  får sjå korleis Anne livde og korleis livet var på ein fjellgård for 100 år sidan. Nesten alt av inventar er slik det var då Anne voks opp. Dei som vitjar tunet, gjev ofte uttrykk for verdien av å sjå oppvekstsvilkåra til kunstnaren – for så å ha omvising inne i Kunstgalleriet.  

Anne Grimdalen (1899 - 1961)
Bilethoggaren Anne Grimdalen vart fødd i 1899 på garden Grimdalen i Skafså i Tokke kommune. Ho voks opp i ein syskenflokk på 10. Som ung jente reiste Anne til Oslo. Ho gjekk på fyrst på Kunst- og Handverkarskulen og seinare Kunstakademiet. Samstundes måtte ho jobbe som hushjelp for å klare seg økonomisk. Ungjenta frå utkant-Noreg klarte å slå gjennom i kunstnarmiljøet i Oslo. Det er nesten utruleg at ei ung jente med telemål, kristent livssyn og lite pengar klarte å få gjennombrot som kunstnar. Det skjedde i 1938. Då vann Anne konkurransen om utsmykking av Oslo Rådhus og blei landskjend.
Anne er òg kjend for dei mange barne- og dyreskulpturane ho har laga.
Anne Grimdalen døydde i Oslo - 61 år gamal. Ho var ugift. Etter hennar død blei det bygd eit Galleri på garden Grimdalen der ho voks opp. Galleriet opna i 1973 og her er mange av skulpturane hennes samla.

Kunstmålar Henrik Sørensen kalla Anne Grimdalen for Eventyrjenta i norsk kunst. Det seier vel det meste om kva slags frodig person Anne Grimdalen var.

Her kan du lese ein artikkel frå Magasinet Norske Hjem om Anne Grimdalen og Grimdalstunet.

Veiledende priser

BillettypeBillettavgift
Barn u 16år Gratis under 6 år.NOK 40,00 entre
FamiliebillettNOK 200,00 per dag
Grupper Min. 10 stk. Kr. 500,- i omvisargebyrNOK 60,00 entre
Honnør/studentNOK 60,00 per dag
VoksenNOK 80,00 entre

Fasiliteter

Aktiviteter

  • aktivitetsløype
  • guiding
  • natursti

Forretningstilbud

  • håndverk
  • husflid
  • kunst
  • kunstbøker
  • kunsthåndverk

Generelle fasiliteter

  • butikk
  • gratis parkering
  • kafé
  • omvisning av anlegget
  • parkeringsplass ute - gratis
  • sesong
  • wc

Museum, gallerier og kunsthåndtverk

  • husflid
  • husflidsutstilling
  • malerier
  • omvisning etter avtale
  • skulpturer
  • utsalg

Natur og terreng

  • barskog
  • kulturlandskap
  • skog

Map & Directions

View Also Around

Opening Times

Open for gruppebestilling heile året (1 Jan 2018 - 31 Des 2019)
DagTider
Sesong (25 Jun 2019 - 15 Aug 2019)
DagTider
MandagStengt
Tirsdag - Søndag11:00 - 17:00
Faste omvisingar (25 Jun 2019 - 15 Aug 2019)
DagTider
MandagStengt
Tirsdag - Søndag12:00
14:00
16:00

Beslektet

Grimdalstunet, Tokke

Også i nærheten

  1. Type

    Type:

    Fuglekikking

    Dalen Villmarkssenter

    Velkomen til Dalen Villmarkssenter - naturfotografens mekka! Tett på naturen. Utleige av...

    3.16 km unna
  2. Type

    Type:

    Fuglekikking

    Naturfoto på Dalen Villmarkssenter

    I naturperla Tokke finn du landets mest innhaldsrike biotop for naturfotografar.

    3.16 km unna
  3. Type

    Type:

    Vandring

    Helveteshylen

    Rundtur ut frå Dalen der du kryssar Tokkeåi via hengebrua over Helveteshylen.

    4.75 km unna
  4. Type

    Type:

    Fiske

    Fiske i Tokkeåi

    Fiske i elvedeltaet Tokkeåi der storauren rår.

    5.10 km unna
  1. Type

    Type:

    Vandring

    Turkart for Tokke

    Turkart for Tokke kommune

    5.22 km unna
  2. Type

    Type:

    Sport

    På to hjul

    Du finn fleire flotte sykkelruter i Tokke. På turistkontoret får du sykkelkart og gode...

    5.22 km unna
  3. Type

    Type:

    Vandring

    Ti-toppers Tokke

    Vel ut minst 10 av totalt 19 flotte toppturar i Tokke. Premiering! For meir info kontakt...

    5.22 km unna
  4. Type

    Type:

    Arkitektur

    Historiske Dalen Hotel

    Dalen Hotel, eventyrhotellet fra 1894 i overdådig, romantisk stil.

    5.27 km unna
  5. Type

    Type:

    Aktivitetsselskaper

    Telemark Adventure

    Telemark Adventure er eit aktivitetsfirma som som skreddarsyr pakker med eit vidt spekter...

    5.31 km unna
  6. Type

    Type:

    Kano/Kajakk

    Kano - og kajakkutleige på Dalen

    Du kan leige kano og kajakk hjå Telemark Adventure på Dalen Bed & Breakfast. Dalen er eit...

    5.31 km unna
  7. Type

    Type:

    Vandring

    I Rui-jentenes fotspor, Dalen - Eidsborg

    Fottur spekka med kultur og historie.

    5.36 km unna
  8. Type

    Type:

    Bygning/Kulturmiljø

    Rui-plassen

    Den kjende plassen Rui der Rui-jentene kom frå.

    5.76 km unna
  9. Type

    Type:

    Vandring

    Bufjordstigen på Dalen

    Sjarmerande tur langs Telemarkskanalen, forbi historiske Dalen Hotel og gjennom "jungel"...

    5.79 km unna
  10. Type

    Type:

    Kunsthall

    Dalen Bryggjeutstilling

    Dalen Bryggjeutstilling med kunst og brukskunst, og ei utstilling som syner livet på...

    5.86 km unna
  11. Type

    Type:

    Arkitektur

    Telemarkskanalen

    Då kanalen stod ferdig i 1892 vart den i Europa skildra som eit «åttende underverk».

    5.88 km unna
  12. Type

    Type:

    Båtturer

    MS Henrik Ibsen

    M/S Henrik Ibsen, kongen av Telemarkskanalen, seglar i dagleg rutefart mellom Skien og...

    5.88 km unna
Previous Next

Søk hva er i nærheten

Type produkt
Nærhet
Innen meter