For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.

Allow cookies

Other Websites

Sign up - Contact

Nyhetsbrev - Kontakt

Vindlausloftet - verdas eldste bygg?

Legg Vindlausloftet - verdas eldste bygg? til i reiseruten din.

Address

Museumsvegen 9
Museumsvegen 9
3891 Høydalsmo

Email

Telephone

Tlf: 35069090

Vindlausloftet - verdas eldste bygg?

Om

År etter år har loftet stått ruvande her i Eidsborg. Standhaftig i vær og vind, medan resten av verda har gjenge sin gang. Men nøyaktig kor mange år? Ser me på laftinga finn me ein teknikk som vart kalla for finndalslaft eller finndalshogg, som ikkje har vore i bruk i Noreg etter svartedauden i 1349. Eldre blir loftet når me granskar ei runeinnskrift ved døra i andre høgda. Den lyder ”Desse runer riste Vestein. Heil (ver helsa) den som riste og likeeins den som rår (tyder)”, og er datert til ca. 1300. Men det stoppar ikkje der heller. Då loftet vart datert av NIKU i 2006 viste det seg at tømmeret vart felt kort tid etter 1167. Det gjer loftet til det eldste verdslege trebygget i landet - truleg verda!

Alderen er ikkje det einaste som er spesielt med loftet. I fylge folketrua er bygningen det fyrste loftet som vart sett opp i Eidsborg, og det var ikke for kven som helst. Rundt 1200 eigde Åse Stålekleiv det meste av bygda, og var særdeles rik. Ho trengde ein stad å huse alt linet sitt, så sønene hennar bygde eit stort loft til dette formålet. Difor er loftet i daglegtale kalla Stålekleivloftet. Området ved loftet vart etter kvart ein eigen gard, kalla Lofthus. Derifrå vart loftet flytta til Vindlaus rundt 1840.

 

Les sagnet om Åse Stålekleiv.

Map & Directions

View Also Around

Også i nærheten

  1. Type

    Type:

    Kirke

    Eidsborg stavkyrkje

    Sjarmerande, lita stavkyrkje ( stavkirke ). Ligg ved fantastiske Vest-Telemark Museum...

    105 m unna
  2. Type

    Type:

    Opplevelsessenter

    Vest-Telemark Museum Eidsborg

    Eit stort moderne museum med stavkyrkje, aktivitetspark, bygdetun og flotte utstillingar....

    147 m unna
  3. Type

    Type:

    Utstillinger

    Statkraft visingssenter i Eidsborg

    Statkraft sitt visingssenter i museet i Eidsborg visar foto, gjenstandar og film frå den...

    180 m unna
  4. Type

    Type:

    Fortidsminne

    Brynesteinsbrot i Eidsborg

    I 1000 år har Eidsborg og Lårdal hatt eksportindustri. For norske vikingar var brynestein...

    974 m unna
  1. Type

    Type:

    Bygning/Kulturmiljø

    Rui-plassen

    Den kjende plassen Rui der Rui-jentene kom frå.

    1.85 km unna
  2. Type

    Type:

    Kunsthall

    Dalen Bryggjeutstilling

    Dalen Bryggjeutstilling med kunst og brukskunst, og ei utstilling som syner livet på...

    2.24 km unna
  3. Type

    Type:

    Arkitektur

    Telemarkskanalen

    Då kanalen stod ferdig i 1892 vart den i Europa skildra som eit «åttende underverk».

    2.26 km unna
  4. Type

    Type:

    Arkitektur

    Historiske Dalen Hotel

    Dalen Hotel, eventyrhotellet fra 1894 i overdådig, romantisk stil.

    2.42 km unna
  5. Type

    Type:

    Arkitektur

    Soria Moria sauna

    Soria Moria sauna og kunstinstallasjon på Dalen

    2.47 km unna
  6. Type

    Type:

    Andre attraksjoner

    Ravnejuv

    350m høgt stup med oppdrift!

    4.84 km unna
  7. Type

    Type:

    Museum

    Grimdalstunet

    Heimen til bilethoggaren Anne Grimdalen er den best bevarte komplette fjellgarden i...

    7.48 km unna
  8. Type

    Type:

    Museum

    Åmdals Verk gruver

    Åmdals Verk Gruver er bygd opp kring arbeidarkulturen som koparverket la grunnlag for....

    10.44 km unna
  9. Type

    Type:

    Arkitektur

    Bandaksli Bryggje

    Bryggje på sørsida av Bandak/Telemarkskanalen.

    11.44 km unna
Previous Next

Søk hva er i nærheten

Type produkt
Nærhet
Innen meter