For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.

Allow cookies

Other Websites

Brochure - Contact Us

Brosjyre - Kontakt oss

Seljord Kyrkje

Legg Seljord Kyrkje til i reiseruten din.

Address

Nyveg 3 A
3840 Seljord

Email

Telephone

Tlf: 35065470

Seljord Kyrkje

Om

Steinkyrkje i romansk stil bygd ein gong på 1100-talet, og vigsla Heilag Olav. På nord-vest hjørnet er det hogge ut eit andlet som etter ei segn skal vere heilagkongen. Ei segn fortel også at kyrkja vart bygd av ein tusse. Da bygningen var ferdig, datt tussen ned og slo seg i hel. Der han datt, veks det ikkje gras den dag i dag. Altertavla i kyrkja er frå 1588 og døypefonten frå 1600-talet. Riksantikvaren leidde ei omfattande restaurering avslutta i 1972. 

Seljord kyrkje er ei steinkyrkje i romansk stil, bygd mellom 1150 og 1180 og restaurert av Riksantikvaren frå 1965 til 1972. Kyrkja har avlangt skip og tilnærma kvadratisk kor med apside, det vil seie i halvbogeforma avslutning. Våpenhuset i vest er frå omkring 1630 og bygd i stavkonstruksjon. Takryttaren, som er frå 1710, vart i forbindelse med restaureringa tjæra for å passe betre til våpenhuset. Kyrkja si einaste skulpturutsmykking finnast på hjørnet av skipet mot nordaust og førestiller eit mannshovud med kraftig skjegg. Kyrkja er via til St. Olav.

Vindauga mot syd i både kor og skip er utvida fleire gonger, seinast i 1831, mens vindauget i apsida har opphavleg form. Korbogen mellom skip og kor er bevart. I forbindelse med restaureringen av kyrkja, vart det avdekka kalkmåleri frå 1600-talet av draperi og bordar på veggane i koret. Den sylinderforma preikestolen frå 1832 er dekorert med Den norske løva, som er eit sjeldant motiv på norske preikestolar. Løva er laga i intarsia med ulike innlagde tresortar.

Altertavla frå 1588 er den eldste etterreformatoriske altertavla ein kjenner i Noreg. Motivet er Moses og Aron og lovtavlene med dei ti bod, og i toppstykket ser ein Jahve-teiknet. Dei to gipsfigurane i kyrkja førestiller Peter og Paulus og er laga av den lokale skulptøren Olav Glosimot (1821-1901). Figurane stod opphavleg på alteret og flankerte den dåverande altertavla, måleriet av Nattverden, som no heng over sørportalen og er måla av Harald Lassen i 1879.


Omvisning med guide i juli. Kontakt turistinformasjonen for meir informasjon.

Fasiliteter

Generelle fasiliteter

  • bygget
  • ombygget

Map & Directions

Veibeskrivelse til kollektivtransport

Buss
Haukeliekspressen Setesdalekspressen Timeekspressen

View Also Around

Også i nærheten

  1. Type

    Type:

    Klær/Skotøy

    T.Tveitan AS

    Tveitan er ein klesbutikk som leverar kjende merkevarer av både herre og damekonfeksjon....

    509 m unna
  2. Type

    Type:

    Vandring

    Sentrumsveien

    Sentrumsveien, eller turveien, er tenkt som en folkesti som er tilknyttet de ulike...

    517 m unna
  3. Type

    Type:

    Service

    Sparebanken din

    Sparebanken DIN er ein sjølvstendig sparebank med forretningsadresse i Bø, og med...

    527 m unna
  4. Type

    Type:

    Bondegårdsferie

    Nordigard Bjørge Gjestegard

    Vakkert gardstun på solsiden, sentralt i bygda med utsyn over Seljordsvatnet.

    638 m unna
  1. Type

    Type:

    Vandring

    Bjørgefjell

    I Bjørgefjell kan du velje ulike turstiar i kulturlandskapet. Nedre del av løypa er lett...

    654 m unna
  2. Type

    Type:

    Vandring

    Skorve

    Skorve er eit av dei høgaste fjella i Seljord, med to toppar, Gøysen (1370 moh.) og...

    726 m unna
  3. Type

    Type:

    Sykkel

    Seljordsvatnet rundt

    Langs heile Seljordsvatnet går det veg. Ein fin runde rundt sjøormen sitt rike! 

    767 m unna
  4. Type

    Type:

    Arkitektur

    Into the landscape

    Into the Landscape

    International workshop 25th of September to 4th of October with Sami...

    779 m unna
  5. Type

    Type:

    Sykkel

    Grunningsdalen

    Køyreavstand: Brøløs - Lakshøl: 2,9km. Lakshøl-Reinstaul: 4,6 km
    Bompengar: 35...

    779 m unna
  6. Type

    Type:

    Annet

    Seljord Personal

    Seljord Personal AS er eit ressurssenter for arbeid og helse. Vi legg stor vekt på å...

    779 m unna
  7. Type

    Type:

    Sykkel

    Seljordsheii

    Lengde: 3,2 mil
    Sykkeltidca: 2,5 - 3 t
    Vegdekke: Asfalt og fin grusveg
    Nivå: Krevjande

    779 m unna
  8. Type

    Type:

    Turstier

    Ballongfararsteinen

    Køyreavstand:Brøløs - avkjørsel til Strand/Manheim: 10km. Frå riksvegen til parkering der...

    779 m unna
  9. Type

    Type:

    Sykkel

    Kivledalen

    Sykletid: ca 1 time
    Vegdekke: Grus
    Nivå: Middels

    779 m unna
  10. Type

    Type:

    Vandring

    Hattefjell

    Køyreavstand: Brøløs - Bråten: 2,5 km
    Bompengar:Gratis
    Gangtid: ca 1 time
    Nivå:Krevjande...

    779 m unna
  11. Lomma

    Type

    Type:

    Sykkel

    Lomma

    838 m unna
  12. Type

    Type:

    Café

    Aasmundsen Bakeri

    Aasmundsens Bakeri Telemarksbakeren er et lokalt bakeri for hele Telemark. Tidlig hver...

    879 m unna
Previous Next

Søk hva er i nærheten

Type produkt
Nærhet
Innen meter

Følg oss...