Du er her: Opplev > Museum
For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.
Other Websites
Brochure - Contact Us
Brosjyre - Kontakt oss
Brochure - Contact Us
Brosjyre - Kontakt oss
Velkommen til reiseruteplanleggeren. Du kan bruke dette verktøyet for å lage din egen reise, eller velge fra et spennende utvalg med spesielt utvalgte turer.
For å lage din egen reiserute, klikk for å legge noe til i reiserutekurven din.
Antall resultater: 14
Vinje
I Vinjestoga kan ein oppleve og høyre forteljingar om livet og kunsten til den kjende forfattaren Aasmund Olavsson Vinje.
Frå 2018 skal formidling ved Vinjestoga skje i regi av Vinjesenteret. Kontaktinformasjon der er ikkje på plass pr d.d. så...
Kviteseid
Korleis såg ein velståande gard i Vest-Telemark ut for om lag 200 år sidan? Sjå nokre av dei finaste stabbur i heile Telemark! Her er også ei skulpturutstilling etter Gunnar Utsond.
Vinje
Samlingane presenterer eit mangfald av skulpturar, maleri, grafikk og teikningar av bilethoggaren Dyre Vaa.
Vinje
Skinnarlandsamlinga har meir enn 100 arbeid av Knut Skinnarland og ein kopi av atelieret hans i Rauland.
Tokke
Eit stort moderne museum med stavkyrkje, aktivitetspark, bygdetun og flotte utstillingar. Ope for bestilling utanom sesong. For opningstider i kanalparken klikk her.
Seljord
Museet er kosta av Eva Bull Holte sin mann, tidlegare generaldirektør i Hydro, Johan B. Holte, og blir drive av Seljord kommune. Museet som har ei grunnflate på 384m, er utforma av Arnstein Arnberg, teikna av arkitekt Knut Loftsgarden frå Seljord,...
Vinje
Myllarheimen er husmannsplassen der felespelaren Torgeir Augundson (1801-1872), best kjend som Myllarguten, levde dei siste åra av livet sitt.
Vinje
Bygdetunet visar overgangen til ei ny tid - med interiør etter 1800-talets bymote i Mostøylstoga. Det unike museumsbygget frå 1930-talet har ei rik samling med reiskap, drakter, rosemåling, husgeråd og ymse snurrepiperi.
Fyresdal
Fyresdal Bygdemuseum blei skipa i 1909 og er eit av Noregs eldste bygdetun. Her er gravhauger frå 400-talet og gardshus frå mellomalderen og framover. Bjørnstadstoga frå 1600-talet vart bruka som tingstoge.
Tokke
Statkraft sitt visingssenter i museet i Eidsborg visar foto, gjenstandar og film frå den store utbygginga av vassdraga i Tokke og Vinje som varte frå 1956 til 1985.
Tokke
Heimen til bilethoggaren Anne Grimdalen er den best bevarte komplette fjellgarden i Telemark. Dei eldste husa er frå 1600-talet. Rett ved finn du og eit moderne skulpturgalleri.
Tokke
Åmdals Verk Gruver er bygd opp kring arbeidarkulturen som koparverket la grunnlag for. Bli med oss på ei spanande vendring inne i gruvene. Her får du møte nokre av gruveslaskane.
Kviteseid
Skimuseet i Morgedal formidlar Telemark og Noreg si skihistorie med interaktive utstillingar og fartsfylte filmar.
Vinje
Midt i det telemarkske "målarlandskapet" finn du ei løynd perle av eit galleri, med ei stor samling måleri etter Henrik Sørensen og Harald Kihle.