For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.

Allow cookies

Sign up - Contact

Nyhetsbrev - Kontakt

Other Websites

Brynesteinsbrot i Eidsborg

Legg Brynesteinsbrot i Eidsborg til i reiseruten din.

Address

Eidsborg
Museumsvegen 9
3891 Høydalsmo

Email

Telephone

Tlf: +47 35 06 90 90

Brynesteinsbrot i Eidsborg

Om

Brynestein frå Eidsborg er den fyrste eksportartikkel frå Noreg. Med samanhengande produksjon frå rundt år 700 og fram til 1950, er dette mellom dei lengste bergverks- og industrihistoriene me har. Transporten ut gjekk i hovudsak på Telemarksvassdraget, og slik la denne verksemda grunnlag for ein rik handel og kontakt med omverda. Vest-Telemark Museum i Eidsborg har eiga temautstilling om brynestein.

Så lenge ein har hatt stål har ein hatt bruk for bryne, om det var til å kvesse opp ljå, sigd, nål, kniv, øks, piler eller spyd… Eidsborgbryne er ein skifra kvartsitt som eignar seg svært godt til dette. Den var også lett å drive ut og vart truleg snart ei etablert merkevare. For norske vikingar var brynestein frå Eidsborg også eit effektivt kastevåpen, slik sagaen fortel frå slaget ved Fimreite i 1184!

Visste du at det no er funne brynestein på New Foundland som dei meiner kjem frå Eidsborg, og som igjen stadfester norrøn busetnad i Amerika rundt år 1000? Brynesteinen frå Eidsborg er ei heilt særmerkt historie, og kan fortelje oss om handel, kontakt og hendingar langt attende i tid.

Brynesteinen blei fyrst frakta med hest ned til Lastein bryggje på Dalen, og deretter rodd ned vassdraget eller køyrd med hest på isen og deretter skipa til utlandet og seld til god pris. Slik har brynesteinsbrota i Eidsborg heilt opp til nyare tid forsynt inn- og utland med god brynestein.

Eidsborgbryne vart tidleg etablert som ei fast vare i Nordsjø-handelen, og er i dag ei svært viktig kjelde innan arkeologien for å forstå handelsruter og samkvem frå til dømes vikingtid og mellomalder. Og stadig vert det gjort funn og nye analyser som gjev ny kunnskap. Pågåande forskingsprosjekt no er eit postdoktorprosjekt ved Irene Baug ved Universitetet i Bergen og Dr. James H. Barret ved Cambridge, som begge har Eidsborgbryne som kjeldemateriale for sine studie av handelsvegar i vikingetid. Som del av desse studia vert sjølve steinen analysert, slik at ein kan vere sikrare på opphavet til steinen. Vest-Telemark Museum har bistått arbeidet, og me gler oss veldig til å sjå resultata.  

Frå Vest-Telemark Museum i Eidsborg går det turstig opp til eit av brynesteinsbrota. Turen er tilrettelagd med skilting og informasjon undervegs.

Les om vandrerute til brota

Fasiliteter

Aktiviteter

  • fotturer

Map & Directions

Veibeskrivelse

Ta av frå E134 i Høydalsmo og følg så Fv45 og skilting til Vest- Telemark Museum, Eidsborg og Eidsborg stavkyrkje. Frå Dalen kjører du  Fv 45 mot Høydalsmo.  Sjå etter skilt til Vest-Telemark Museum og Eidsborg stavkyrkje.

View Also Around

Også i nærheten

  1. Type

    Type:

    Opplevelsessenter

    Vest-Telemark Museum Eidsborg

    Eit stort moderne museum med stavkyrkje, aktivitetspark, bygdetun og flotte utstillingar....

    903 m unna
  2. Type

    Type:

    Kirke

    Eidsborg stavkyrkje

    Sjarmerande, lita stavkyrkje ( stavkirke ). Ligg ved fantastiske Vest-Telemark Museum...

    965 m unna
  3. Type

    Type:

    Bygning/Kulturmiljø

    Rui-plassen

    Den kjende plassen Rui der Rui-jentene kom frå.

    2.77 km unna
  4. Type

    Type:

    Kunsthall

    Dalen Bryggjeutstilling

    Dalen Bryggjeutstilling med kunst og brukskunst, og ei utstilling som syner livet på...

    3.03 km unna
  1. Type

    Type:

    Arkitektur

    Telemarkskanalen

    Då kanalen stod ferdig i 1892 vart den i Europa skildra som eit «åttende underverk».

    3.04 km unna
  2. Type

    Type:

    Arkitektur

    Historiske Dalen Hotel

    Dalen Hotel, eventyrhotellet fra 1894 i overdådig, romantisk stil.

    3.33 km unna
  3. Type

    Type:

    Arkitektur

    Soria Moria sauna

    Soria Moria sauna og kunstinstallasjon på Dalen

    3.32 km unna
  4. Type

    Type:

    Andre attraksjoner

    Ravnejuv

    350m høgt stup med oppdrift!

    4.44 km unna
  5. Type

    Type:

    Museum

    Grimdalstunet

    Heimen til bilethoggaren Anne Grimdalen er den best bevarte komplette fjellgarden i...

    8.45 km unna
  6. Type

    Type:

    Museum

    Åmdals Verk gruver

    Åmdals Verk Gruver er bygd opp kring arbeidarkulturen som koparverket la grunnlag for....

    11.19 km unna
  7. Type

    Type:

    Arkitektur

    Bandaksli Bryggje

    Bryggje på sørsida av Bandak/Telemarkskanalen.

    11.42 km unna
  8. Type

    Type:

    Kulturminne

    Øverbø - Sondre's heim

    Øverbø er Sondre Norheim, den moderne skisportens far, sin fødeplass.

    20.23 km unna
  9. Type

    Type:

    Opplevelsessenter

    Norsk Skieventyr i Morgedal

    Skimuseet i Morgedal formidlar Telemark og Noreg si skihistorie med interaktive...

    21.93 km unna
  10. Type

    Type:

    Utstillinger

    Kviteseid bygdetun

    Korleis såg ein velståande gard i Vest-Telemark ut for om lag 200 år sidan? Sjå nokre av...

    30.63 km unna
  11. Type

    Type:

    Sightseeing

    Veteranbåten MS Fram, Vrådal

    Veteranbåten M/S Fram seiler sightseeingturer fra Straand Brygge i Vrådal. Båten går i...

    31.02 km unna
  12. Type

    Type:

    Fornøyelsespark

    Bø Sommarland - Skandinavias største vannpark!

    Bø Sommarland er Skandinavias største vannpark med attraksjoner for store og små. Ta med...

    58.93 km unna
Previous Next

Søk hva er i nærheten

Type produkt
Nærhet
Innen meter

Sitemap