For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.

Allow cookies

Sign up - Contact

Nyhetsbrev - Kontakt

Other Websites

Vannvegens fortellinger

Vannvegens fortellinger er eit prosjekt der kunst, arkitektur og ljos vert brukt som verkemiddel inn i eit heilskapleg konsept, for å løfte fram attraksjonskrafta i landskapet og gjera stadane langs Telemarkskanalen meir synlege. Det skal arbeidast med korleis stoppeffekt, fysisk og på nettet, og posisjonering i marknaden kan gjerast sterkare gjennom tiltak som ”veks fram av staden”. 

Det første delprosjektet er Soria Moria på Dalen. Les mer om Soria Moria på våre nettsider her. Eventuelt kan du lese mer om forstudien som forteller meir om Vannvegens fortellinger her.

Nede ved Bandak står ein sponkledd skikkelse og skodar nedover kanalen. Bratte fjellsider stupar ned i vatnet, og dannar eit dramatisk utsyn. Tåka ligg lett over vasskorpa.

Prosjektet Soria Moria er utvikla av Telemarkskanalen regionalpark i samarbeid med Tokke kommune, og er ein del av eit større kunstprosjekt for heile Telemarkskanalen – Vannvegens fortellinger - der kunst, arkitektur og ljos nyttast for å lyfte fram attraksjonskrafta i landskapet og lokale særpreg. 

Bygget sin karakteristiske silhuett er ei tolking av dei skrånande fjellsidene som forsvinn ned i Bandak. Kledningen av spon er inspirert av lokal byggeskikk. Innimellom tresponen blenkjer det av gull. Gullsponen dreg linjer til segn og soger og lokal forteljartradisjon; til det mystiske og underlege. Gullsponen er også ein referanse til den openbare kontrasten som oppstod mellom lågmælte telemarkingar og overdådig utanlandsk overklasse under etableringa av Dalen Hotel på slutten av 1800-talet. Bygget rommar ei badstue, omkledningsrom og takoverdekt utsiktsbenk.

Langs øvre enden av Bandak er det langgrunt, bortsett frå i djupålen Sigurdsevja. Prosjektet er difor plassert på pålar i vatnet langs djupålen for å legge til rette for bading. Sigurdsevja er ei tydeleg og karakteristisk landskapsform på staden. Plasseringa av gangbrygga og badstubygget bidrar til å understreke denne forma. Gangbrygga koplar seg på eit eksisterande turvegnett langs Bandak med kopling vidare opp til Dalen Hotel.

Eit nordisk designteam, samansatt av arkitekt David Fjågesund (Feste Landscape / Arkitektur), landskapsarkitekt Inge Dahlman (Landskapsfabrikken), ljosdesigner Tobias Olsson (ÅF Lighting) og kunstnar Maria Änquist Klyvare har stått for utforminga, med Skorve Entreprenør som utførande. Lokal materialbruk har stått sentralt i prosjektet. Sponen er levert av Øyfjell Sag og bryggedekket av Tinnoset Sag.

NRK har skrevet sak om Soria Moria som du kan lese her.

Soria Moria er også å finne på Instagram der det allerede har kommet en del gode bilder. Gjerne del dine bilder av Soria Moria med resten av verden ved å bruke #soriamoria på Instagram.

Overnatting

Explore Telemarkskanalen:

kategori:
Sted:

Ting å gjøre

Explore Telemarkskanalen:

kategori:
Sted:
Navn / nøkkelord:

Hva skjer

Explore Telemarkskanalen:

kategori:
Sted:
Navn / nøkkelord:
Datoer

Mat og drikke

Explore Telemarkskanalen:

kategori:
Sted:
Navn / nøkkelord:

Overnatting

Explore Telemarkskanalen:

kategori:
Sted:

Sitemap