For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.

Allow cookies

Other Websites

Sign up - Contact

Nyhetsbrev - Kontakt

Rui-spelet

Address

Rui-plassen
Eidsborgvegen 166B
3880 Dalen

Email

Telephone

Tlf: +47 99246647

Rui-spelet

Om

Rui-spelet på Rui-plassen 22. juni kl. 19.00 og 23. juni kl. 13.00. 

Rui-jentene kjem heim! Basert på Teater Fabel si teaterforestilling "Spaden må gå jamnt - Rui-jentene som møtte Kongen" set me no opp utespel på Rui-plassen, i autentiske omgjevnader. Teater Fabel har hatt stor suksess med forestillinga, inspirert av boka til Knut Eidem "Rui-jentene som møtte Kongen". 

Historia om dei to små systrene Ingerine og Gurine Schewenius, frå den vesle plassen Rui på Dalen i Telemark, som kom til kongen, var kjend og kjær i si samtid, og ho vekker framleis gjenklang hos mange. Ingerine og Gurine fann glede i det enkle livet på Rui. Sjølv om dei hadde midlar til å gjera arbeidet lettare, levde dei etter sin fars filosofi om nøysemd. Kva er det me moderne menneske ikkje kan sjå, men som dei så klart og tydeleg såg, der dei streva og arbeidde oppe på sitt vakre, men akk så enkle og gamaldagse Rui? Og korleis blir to syskjen forma av kvarandre etter å ha levd eit langt liv i tosemd, og i gjensidig avhengnad?

I førestillinga får ein møte Ingerine og Gurine, og ta del i deires liv. Ein møter dei heime på Rui, i friskt samspel med publikum, og får vera med på den store reisa frå Dalen til Oslo. Me ynskjer å gje publikum eit nært, varmt, og ekte møte med Ingerine og Gurine, eit møte fylt med humor, og til undring og ettertanke.

Billettpris: 

kr. 250,- pr. person, pluss avgift kr. 25,- 

Born under 10 år gratis i følgje med foreldre.

150 billettar per forestilling. 

Billettar på Ticketmaster: 

Billettar til Rui-spelet 22.juni kl. 19.00

Billettar til Rui-spelet 23.juni kl. 13.00

Program 22. juni: 

Kl. 17:30: Oppmøte ved starten av steintrappa opp til Rui. Opning av trapp ved ordførar Jarand Felland. Felles vandring i Rui-jentenes fotspor opp til Rui-plassen. 

Kl. 19:00: Rui-spelet startar. 

Me set opp transport frå Dalen og opp i svingen i Eidsborgberget for dei som ikkje kan gå trapp.

Dette er eit utespel, så kle dykk etter forholda. Ta med noko å sitte på; campingstol eller sitjeunderlag. Gjerne ein tursekk med drikke og tursnacks. Ha på gode sko. 

Program 23. juni: 

Kl. 12:00: Oppmøte ved starten av steintrappa opp til Rui. Felles vandring i Rui-jentenes fotspor opp til Rui-plassen. 

Kl. 13:00: Rui-spelet startar.  

Me set opp transport frå Dalen og opp i svingen i Eidsborgberget for dei som ikkje kan gå trapp.

Dette er eit utespel, så kle dykk etter forholda. Ta med noko å sitte på; campingstol eller sitjeunderlag. Gjerne ein tursekk med drikke og tursnacks. Ha på gode sko. 

Etter spelet denne sundagen, oppmodar me dykk til å ta turen vidare til Eidsborg Stavkyrkje og Vest-Telemark Museum, der det er prosesjonsvandring med Nikuls. Om de vel å vandre vidare til Eidsborg frå Rui-plassen (ca. 4 km) eller køyrer opp, ta dykk ein matbit i museumskafeen før programmet startar. Frå eit historisk spel til eit anna - denne sundagen kan du oppleve det! Meir informasjon om prosesjonsvandringa i Eidsborg finn du her. 

 

Map & Directions

View Also Around

Opening Times

Rui-plassen (22 Jun 2019)
DagTider
Lørdag19:00
Rui-plassen (23 Jun 2019)
DagTider
Søndag13:00

Følg oss...