For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.

Allow cookies

Other Websites

Sign up - Contact

Nyhetsbrev - Kontakt

Helveteshylen

Legg Helveteshylen til i reiseruten din.

Address

Storvegen 211
3880 Dalen

Email

Telephone

Tlf: +47 35 07 56 56

Helveteshylen

Om

Om turen 

Middels krevjande tur kor du gjennom informasjonstavler undervegs får formidla historier om tømmerfløtinga i Tokke og korleis fossen fekk tilnamnet Helvete, om storauren i Tokkeåi og om garden Åsland som var tingstad i mellomalderen.

Turen startar ved Tokke kulturhus og etter cirka 2 kilometer kjem du til hengebrua over Helveteshylen. Namnet på staden er eigentleg Nederbø, men fekk tilnamnet Helvete i tømmerfløtningsdagane då fossen skapa store utfordringar for fløterane. Nederbøfossen fekk difor tilnamnet Helvetesfossen og brua vart bygd over Helveteshylen. Om hausten kan du frå hengebrua sjå storauren når den gjeng opp Tokkeåi for å gyte.

Etter hengebrua går turen vidare gjennom gamalt kulturlandskap, inn i skogsterreng og opp nokre fine, bratte lier. Når du nærmar deg Dalen kjem du til eit flott utsynspunkt tilrettelagt med kvilebenk. Etter nedstiginga frå utsynspunktet går turen om den gamle storgarden Åsland, som var tingstad på 1300-talet. Her kan du på ny nyte utsynet over Bandak og Telemarkskanalen, før du returnerer til startpunktet ved Tokke kulturhus.

Sesong
Mai-oktober

Varigheit
Rundtur 3 timar

Gradering
Medium

 

Fasiliteter

Avstand

  • lengde i km - 9 km

Gradering

  • middels

Målgruppe

  • Familie
  • Voksen

Natur og terreng

  • elv
  • skog

Sesong

  • mai - oktober

Varighet

  • 3 timer

Map & Directions

Veibeskrivelse

Køyreforklaring

Turvegen startar ved Tokke Kulturhus. Om du kjem langs E-134 frå aust: ta av i Høydalsmo og fylg Fv.45 til Dalen. Like etter Dalen sentrum får du Tokke Kulturhus på høgre hand. Frå Vrådal og Åmot køyrer du Fv. 38 til Dalen. Like før du kjem til Dalen sentrum får du Tokke Kulturhus på venstre hand.

Du nyttar parkeringsplassen ved Tokke Kulturhus/Tokke Skule.

View Also Around

Også i nærheten

  1. Type

    Type:

    Bygning/Kulturmiljø

    Rui-plassen

    Den kjende plassen Rui der Rui-jentene kom frå.

    1.50 km unna
  2. Type

    Type:

    Andre attraksjoner

    Ravnejuv

    350m høgt stup med oppdrift!

    6.54 km unna
  3. Type

    Type:

    Kulturminne

    Øverbø

    Øverbø er Sondre Norheim, den moderne skisportens far, sin fødeplass.

    23.15 km unna

Søk hva er i nærheten

Type produkt
Nærhet
Innen meter

Følg oss...