For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.

Allow cookies

Other Websites

Sign up - Contact

Nyhetsbrev - Kontakt

I Rui-jentenes fotspor, Dalen - Eidsborg

Legg I Rui-jentenes fotspor, Dalen - Eidsborg til i reiseruten din.

Address

3880 Dalen

Email

Telephone

Tlf: +47 35 07 56 56

I Rui-jentenes fotspor, Dalen - Eidsborg

Om

Krevjande tur spekka med kultur og historie.
Turen startar på Dalen Bryggje/Dalen sentrum (over vegen for Dalen B&B). På Dalen Bryggje legg båtane på Telemarkskanalen til, og her er utstilling og servering. God plass til parkering. Vel du å gå frå Dalen sentrum bør du få med deg Rui-jentene som om sommaren står utanfor turistkontoret. Dei er avbilda i full storleik – om lag 1.20 m høge.
I løpet av turen får du med deg fantastiske utsynspunkt og historiske stader som Riarhamaren og Rui. Informasjonstavler og tilrettelagde kvileplassar undervegs. Alternativ løype går opp frå kommunehuset på Dalen og via «Villaen». Denne store, raude bygningen var direktørbustad under drift av Molybdengruvene i berget.

Ta deg god tid opp liane. Ser du etter, vil du finne ein spanande flora med innslag av mange varmekjære planter.

Har du Eidsborg som mål kan du avslutte dagen med eit besøk på flotte Vest-Telemark Museum og museumskafeen. Her ligg óg ei av landets minste stavkyrkjer, Eidsborg Stavkyrkje. 

Har du framleis att energi vel framme i Eidsborg kan du ta ein tur opp i dei kjende brynesteinsbrota. Historia om «Brynestein frå Eidsborg» er skildra inne på museet.

Turfakta:

Tilgjengeleg:  april – oktober 

Turkart: Tokke 1 : 50000

Lengde: 1,5 / 5,5 km

Gradering: Raud 

Totale høgdemeter: 468

Skotøy: valfritt

Høgaste punkt:  Eidsborg 540 moh

Les meir:  Boka om Rui-jentene er til sals på turistkontoret.  www.visitdalen.com

http://telemarkshistorier.no/historie/eventyret-om-rui-sostrene/

Vandretur – «I Rui-jentenes fotspor» med overnatting på Dalen Hotel!  

Frå kr 2295- per person/natt i dobbeltrom

Inkludert i pakka er overnatting på Dalen Hotel, inngangsbillett på Vest-Telemark Museum og 3 rettars middag, frukost og afternoon tea (kl 13.00-15.30).

Pakka er tilgjengeleg gjennom heile sesongen. 

https://www.dalenhotel.no/hotellpakker/rui/

 

Fasiliteter

Gradering

  • fargegradert turmerking
  • krevende

Natur og terreng

  • blandingsskog
  • elg
  • foss
  • gjestebrygge
  • Pilgrimsleden
  • skogsområde

Sesong

  • april
  • august
  • juli
  • juni
  • mai
  • mars
  • oktober
  • september

Varighet

  • 4 timer

Map & Directions

Veibeskrivelse

Køyreskildring:

Turvegen startar på Dalen/Dalen Bryggje.

Om du kjem langs E-134 frå aust, ta av i Høydalsmo og fylg Fv.45 til Dalen. Dalen Bryggje ligg på venstre hand i det du kjem ned Eidsborgberget. Etter om lag 500m kjem du til Dalen sentrum. Frå Vrådal og Åmot langs Fv.38 til Dalen: Du kjem fyrst til innkjøringa til Dalen sentrum, så får du Dalen Bryggje på høgre hand etter om lag 500m.

God plass til parkering både ved Dalen Bryggje og i Dalen sentrum.

View Also Around

Beslektet

Rui-plassen, Tokke

Også i nærheten

  1. Type

    Type:

    Bygning/Kulturmiljø

    Rui-plassen

    Den kjende plassen Rui der Rui-jentene kom frå.

    407 m unna
  2. Type

    Type:

    Andre attraksjoner

    Ravnejuv

    350m høgt stup med oppdrift!

    6.74 km unna
  3. Type

    Type:

    Kulturminne

    Øverbø

    Øverbø er Sondre Norheim, den moderne skisportens far, sin fødeplass.

    21.93 km unna

Søk hva er i nærheten

Type produkt
Nærhet
Innen meter

Følg oss...